Det norske straffegjennomføringssystemet er basert på humanistiske prinsipp og på individuell tilrettelegging for dei domfelte og innsette. Omsynet til kravet frå samfunnet om vern mot kriminelle handlingar skal balanserast med omsynet til utsiktene den einskilde domfelte og innsette har for å vende tilbake til samfunnet som framtidig lovlydige borgarar.

Visjonen vår er «Straff som endrar», og dei tre verdiane våre er openheit, tryggleik og nytenking. 

Straffegjennomføringslova

Det er Lov om gjennomføring av straff - straffegjennomføringslova - som regulerer og legg rammene for korleis straff skal gjennomførast både i og utanfor fengsel.