Den som blir dømt, må vere motivert og ønskje å gjere ein innsats for å bli rusfri og gjere endringar i livet. Dom på ND krev samtykke frå den som skal dømmast og at kriminalomsorga har utarbeidd personundersøking i framkant av dom. Det er påtalemakta som må be kriminalomsorga om å utarbeide personundersøking.

ND blir sett som særvilkår for ein vilkårsdom. Det blir gjeve ei prøvetid på mellom 2 og 5 år, som set rammene for tida ND-programmet skal vare. Domstolane fører kontroll med domfelte under straffegjennomføringa.

Innhaldet i ND

ND-programmet er individuelt tilrettelagt. Innhaldet er knytt til rusbehandling, utdanning, opplæring, arbeid, fysisk helse, psykisk helse, kriminalitetsførebygging, nettverk, økonomi, fritid osv., og skal vere rehabiliterande og kriminalitetsførebyggjande.

Gjennomføringa av ND-programmet krev ein felles innsats og eit forpliktande samarbeid mellom ulike sektorar og forvaltingsnivå. Det er bl.a. samarbeid mellom kriminalomsorga, spesialisthelsetenesta, kommunale tenester og opplæringssektoren.

ND blir gjennomført i fire fasar:  

  • ​Iverksetjingsfase
  • Stabiliseringsfasen
  • Ansvarsfasen
  • ​Vidareføringsfasen

Alle fasane skal vere gjennomførte i løpet av prøvetida for at straffa skal reknast fullbyrda. Dette er ein del av domstolskontrollen.

Domstolskontrollen

Til skilnad frå ved andre straffereaksjonar følgjer domstolane opp den domfelte gjennom straffegjennomføringa, med hyppige møte der ein dommar fører kontroll med at vilkåra blir overhaldne og at det er progresjon i rehabiliteringa. Den domfelte må møte fleire gonger i retten saman med kriminalomsorga i løpet av ND-programmet – både i startmøte, statusmøte, faseovergangar og eventuelle brotsaker.

Inntil vidare er det domstolane der friomsorga har hovudkontor som har ansvar for å følgje opp straffegjennomføringa. Det tyder at alle domstolar i landet kan avseie dom på ND, men at berre 14 av dei har oppfølgingsansvar.

Dei 14 som har oppfølgingsansvar, er: Tingrettane i Nord-Troms, Salten, Sør-Trøndelag, Romsdal, Fjordane, Stavanger, Nedre Telemark, Tønsberg, Kristiansand, Drammen, Hedmarken, Fredrikstad, Oslo og Bergen.