Kartlegginga av dei personlege livsforholda og framtidsutsiktene til den sikta skal bidra til at domstolen får eit betre grunnlag til å fastsetje ein riktig straffereaksjon.
Ein sikta person kan også sjølv, anten direkte til påtalemakt eller via advokat, be om at det blir henta inn personundersøking i samband med straffesaka.
Personundersøking blir utført av friomsorgskontora i kriminalomsorga og skjer i form av eit intervju med sikta og eventuell innhenting av informasjon frå andre kjelder, eksempelvis fastlege, NAV eller arbeidsgjevar (etter samtykke frå den sikta).
Når hentar ein inn personundersøking?
Personundersøking bør hentast inn når dei personlege forholda til sikta kan verke inn på val av straffereaksjon, eksempelvis når det kan vere aktuelt med samfunnsstraff.
Det skal hentast inn personundersøking når det blir vurdert å dømme til vilkårsdom med vilkår om program mot ruspåverka køyring og normalt når det er aktuelt med forvaringsdom.
Personundersøking skal alltid hentast inn når ein tek ut tiltale på personar under 18 år.
Kva omfattar personundersøkinga?
Personundersøkinga gjev ei skildring av følgjande livsområde;
- bustad
- økonomi
- sysselsetjing
- nettverk
- helsetilstand
- rusmiddelbruk
- eventuelt andre forhold som speler ei rolle.
Til slutt gjev ein ei fagleg vurdering frå personen som utfører undersøkinga, ut frå dei opplysningane som er komne fram. Vurderinga har fokus på moment som er relevante for å motverke kriminalitet.