Straffegjennomføringslova regulerer og legg rammene for korleis straff skal gjennomførast både i og utanfor fengsel.
Kort sagt skal straffa verke avskrekkande for andre, ho skal gjere det uråd å gjere nye brotsverk medan ein soner straffa, og ho skal verke rehabiliterande. I tillegg skal straffa også bidra til «sosial ro» ved at ein ser at samfunnet reagerer mot urett.
Dersom du ønskjer meir informasjon om føremål om straff, har Stortingsmelding nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn (punkt 3.1, side 19) ein utfyllande diskusjon om dette.
- Stortingsmeldinga kan lastast ned frå www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-37-2007-2008-/id527624/.
Kriminalomsorgas samfunnsoppdrag
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Det skal leggjast til rette for at lovbrytarar kan gjere ein eigen innsats for å endre det kriminelle handlingsmønsteret sitt.