Nøkkeltal for kriminalomsorga – august 2024
Per 4. september 2024 var det 3052 innsette i norske fengsel. I august 2024 vart det sett i verk 590 straffegjennomføringar i samfunnet. Av desse var 303 iverksetjingar av elektronisk kontroll (fotlenkje), etterfølgde av samfunnsstraff med 167. Talet innsette under 18 år har i perioden august 2023 til august i år auka frå seks til 14.