Kriminalomsorga skal gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Det skal leggjast til rette for at lovbrytarar kan gjere ein eigen innsats for å endre det kriminelle handlingsmønsteret sitt.
Det norske straffegjennomføringssystemet er basert på humanistiske prinsipp og på individuell tilrettelegging for dei domfelte og innsette. Omsynet til kravet frå samfunnet om vern mot kriminelle handlingar skal balanserast med omsynet til utsiktene den einskilde domfelte og innsette har for å vende tilbake til samfunnet som framtidig lovlydige borgarar.
Det er straffegjennomføringslova som regulerer og legg rammene for korleis straff skal gjennomførast både i og utanfor fengsel.
Visjonen vår er «Straff som endrar», og dei tre verdiane våre er openheit, tryggleik og nytenking.

Nøkkeltal for kriminalomsorga – februar 2025
Den 7. mars var det 3020 personar i fengsel i Noreg. I februar blei 528 straffereaksjonar påbegynt i samfunnet. Av desse var 280 med elektronisk kontroll (fotlenke), og 126 var samfunnsstraff. Talet på innsatte i fengsel som er under 18 år har auka frå 7 til 15 frå februar 2024 til februar 2025.
Nøkkeltal for kriminalomsorga – januar 2025

