Kriminalomsorga skal gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Det skal leggjast til rette for at lovbrytarar kan gjere ein eigen innsats for å endre det kriminelle handlingsmønsteret sitt.
Det norske straffegjennomføringssystemet er basert på humanistiske prinsipp og på individuell tilrettelegging for dei domfelte og innsette. Omsynet til kravet frå samfunnet om vern mot kriminelle handlingar skal balanserast med omsynet til utsiktene den einskilde domfelte og innsette har for å vende tilbake til samfunnet som framtidig lovlydige borgarar.
Det er straffegjennomføringslova som regulerer og legg rammene for korleis straff skal gjennomførast både i og utanfor fengsel.
Visjonen vår er «Straff som endrar», og dei tre verdiane våre er openheit, tryggleik og nytenking.

Nøkkeltal for kriminalomsorga – januar 2025
I byrjinga av februar var det 2981 innsette i norske fengsel. I januar vart det sett i verk 573 straffegjennomføringar i samfunnet. Av desse var 280 iverksetjingar av elektronisk kontroll (fotlenkje), etterfølgd av samfunnsstraff med 173. Talet innsette under 18 år har i perioden januar 2024 til januar i år auka frå 7 til 12.
Vil du bli fengselsbetjent?

